Har sikta kvinne i 40-åra etter brann i Førde

Foto:

Onsdag brann det ved eit leilegheitskompleks i Førde. Torsdag melder politiet at ei kvinne er sikta for forsøk på grovt skadeverk.

DEL

Onsdag 3. juli kl. 05.44 vart politiet varsla om brann utanfor ei leilegheit i eit leilegheitskompleks med fire leilegheiter i Bøgardsvegen i Førde.

Då brannvesen og politi etter kort tid kom til staden var det opne flammar ved inngangspartiet. Brannvesenet sløkte brannen etter kort tid.

- Politiet gjennomførte kriminalteknisk undersøking og bebuarar i naboleilegheitene er avhøyrd. Eigar av leilegheita var ikkje heime då brannen vart oppdaga. Han er og avhøyrd, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

- Kriminalteknisk undersøking av brannstaden styrkar mistanken til at brannen er tent på, og politiet har sikta ei kvinne i 40-åra for forsøk på grovt skadeverk. Sikta blei avhørt onsdag kveld og skal i nytt avhør i dag, opplyser politiet.

Den sikta bur ikkje der det brann. Politiet vil per no ikkje kommentere kva som har kome fram i avhøyr eller sikta sin kopling til leilegheitskomplekset.

Dersom  nokon har gjort observasjonar i området ved Bøgardsvegen mellom midnatt og 0550 onsdag ber ein om at dei tar kontakt med politiet i Førde.

 

Artikkeltags