Næringslivsleiar frå Sunnfjord er dømd til tre år og seks månader i fengsel for korrupsjon

TRONDHEIM: Ein næringslivsleiar frå Sunnfjord må sone tre og eit halvt år i fengsel.

DEL

Tre menn med tilknyting til Ewos-systemet er dømde til fengsel for korrupsjon. Ein av dei er heimehøyrande i Sunnfjord, medan dei to andre bur utanfor fylket.

Må sone tre år

Sunnfjordingen, som sidan 90-talet har vore ein viktig samarbeidspartnar for Ewos, er dømd til tre år og seks månader i fengsel av Sør-Trøndelag tingrett. I tillegg må han tole inndraging av 75.000 Euro av utbytet frå handlinga. Det svarar til kring 734.000 kroner med dagens kurs. Mannen må også betale sakskostnader til staten på 50.000 kroner.

Den andre mannen er dømd til to år i fengsel. Også han må betale 50.000 kroner i sakskostnader.

Den tredje mannen, som har hatt ein leiarstilling i Ewos-konsernet, er dømd til fengsel i fire år. Han må og tole inndraging av utbytte på 1,5 millionar kroner.

Etterforskinga av saka vart sett i gang etter at Økokrim byrja etterforske mistanke om unndragingsavgift for mineralolje i mars 2015. Under husransaking hos Ewos-leiaren, vart det funne store mengder kontantar. Den vidare etterforskinga førte til at dei to mennene vart sikta for grov korrupsjon.

Grov korrupsjon

Sunnfjordingen vart dømd for to tilfelle av grov korrupsjon, eitt tilfelle av grov økonomisk utruskap og eitt tilfelle av grov kvitvasking. I den 150 sider lange dommen skriv Sør-Trøndelag tingrett at han skal ha gitt utilbørlege fordelar til Ewos-toppen tilsvarande 1,6 millionar kroner. I tillegg blir han dømd for grov økonomisk utruskap med 75.000 euro.

Dei tre skal ha vore gode vener, og reist på fleire turar i lag der Ewos-toppen fekk si reise dekt av dei andre. Ifølge dommen skal Sunnfjordingen mellom anna ha kjøpt ein fritidsbåt til Ewos-leiaren. I retten benekta dei for dette, men det festa ikkje retten lit til. Retten finn det også bevist at sunnfjordingen gjennom eit av sine selskap bestilte båtopplag med service til Ewos-leiaren sin private båt.

Ved eit anna høve skal sunnfjordingen ha overført 250.000 kroner til Ewos-toppen. Dei tiltalte hevda i retten at dette er oppgjer etter at Ewos-toppen betalte seg ut av eigedom dei eigde saman i utlandet. Økokrim peika på den andre sida på at dette i realiteten var ei gåve. Retten festar heller ikkje lit til dei tiltalte si forklaring, men at dette var bestikkelsar. Over seks år skal det også ha blitt overført små eller større beløp til Ewos-toppen sin konto.

«Planmessig og systematisk»

Ifølge rettens vurdering har sunnfjordingen opprådt planmessig, ved at det i samarbeid med dei andre domfelte blei planlagt, etablert og gjennomført ordningar som medførte ein jamleg overføring av private, utilbørlege fordelar til Ewos-leiaren, mot at han bidrog til å sikre sunnfjordingen sine selskap lukrative kontraktar. Retten skriv vidare at han har opptredd systematisk ved at han kynisk har utnytta Ewos-leiaren sin posisjon i selskapet til å skaffe seg eller vidareføre eksisterande, viktige kontraktar. Han har også etablert ordningar for å forsøke å skjule bestikkelsane.

Alle dei tre som no har fått dom nekta straffskuld då rettssaka gjekk. Frå før er ein fjerde mann dømt i ei tilståingssak. Han fekk elleve månader fengsel for eit noko mindre beløp enn det dei to andre er tiltalte for.

Ifølge Firda seier sunnfjordingen sin advokat blir saka anka.

Artikkeltags