Fylkestopp dømd for underslag – må sitje to år i fengsel

Her er eit deler av beslaget politiet har gjort i høve etterforskinga av den tiltalte fylkestoppen.

Her er eit deler av beslaget politiet har gjort i høve etterforskinga av den tiltalte fylkestoppen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein tidlegare fylkestopp i Sogn og Fjordane vart i dag dømd til to års fengsel utan vilkår for å ha underslått tre millionar kroner frå fylkeskommunen.

DEL

Mannen må i tillegg betale tilbake 2,7 millionar kroner, pluss 5000 kroner i sakskostnader. Det melder Firda.

Basert på den dokumentasjon som vart lagt fram i retten, summerte underslaga seg til 3.288.000 kroner, men ettersom retten har fått opplyst at dei reknearka som er brukt, kan innehalde mindre feil, og all rimeleg tvil skal kome tiltaløte til gode, har ein kome fram til at beløpet han skal dømmast for, blir sett til 3 millionar kroner.

Når han så må betale tilbake berre 2,7 millionar kroner, er det fordi ein reknar med at ein kan få att ein del av verdiane ved å selje utstyret han kjøpte på fylkeskommunen si rekning.

Tre veker i retten

Saka var oppe i Fjordane Tingrett før sommaren i år, og det var sett av tre veker frå slutten av juni til byrjinga av juli.

Der kom det fram at aktoratet meiner den tiltalte har gjort seg skuldig i grov økonomisk utruskap mot Sogn og Fjordane fylkeskommune for eit beløp på 3,6 millionar kroner. Like før han blei arrestert flytta han tre til fire billass med utstyr til klubbhuset til ein lokal fotballklubb.

I både avhøyr og vitneboksen vedgjekk den då tiltalte fylkestoppen at han hadde vore utru mot arbeidsgivaren for eit beløp i storleiken 150.000-200.000 kroner, men meinte at han ikkje kunne dømmast for dei resterande 3,4 millionane.

Sprik i prosedyrane

I forsvarar Stig Nybø si sluttprosedyre la han fram at han meinte at fengselsstraff i mellom 90 og 120 dagar var passande.

Det stod i skarp kontrast til den straffa aktor Magnus Engh Juel meinte var passande. Her er beslaget som gjer at tiltalen er på 3,7 millionar kroner

Han la ned påstand om tre års fengsel for fylkesdirektøren, og ei erstatning på opp til fire millionar til fylkeskommunen.

Tiltalte sleit med å få sove, og vurderte å gjere slutt på alt 

– Tiltalte har hatt lang fartstid i fylkeskommunen, han veit gjennom stigen han har klatra korleis systemet er. Han har brukt sin karriere i dette systemet, sa Engh Juel.

Streamingutstyr og mykje, mykje, meir

Rettssaka avdekka fleire ting medan den heldt på. Blant anna kom det fram at bevismateriale hadde blitt levert inn til politiet like før rettssaka byrja. Det var snakk om kaffikanner brukt av ein lokal fotballklubb.

Den tiltalte har òg styreverv i klubben, og klubben har nytta mykje av utstyret som vedkommande er tiltalt for å ha kjøpt med fylkeskommunale midlar, deriblant streaming- og lydutstyr.

I ein av rettens første dagar tok aktor retten med frå den store sal 6 i Fjordane tingrett, til sal 1. Der var alle beslaga til politiet lagra. Det var enorme mengder som venta. Alt frå streamingutstyr, til skredsekkar, telefonar, pc-ar, og verktøy.

Under rettssaka kom det og fram at styreleiaren i klubben som har nytta ein del av utstyret, er mistenkt i saka. Han er mistenkt for heleri, men det er snakk om eit mindre beløp.

Artikkeltags