Endå ein mann arrestert i samband med drapet

    Foto: Arne Hjorth Johansen

    Politiet i Florø har torsdag pågripe endå ein person i den pågåande etterforskinga av drapet på ein 40 år gammal florømann tysdag.

    DEL

    - Onsdag kveld blei nok ein person, ein 40 år gammal mann, sikta for drap eller medverknad til drap. Det kunne politiadvokat Inger-Lise Høyland melde under pressekonferansen i Florø torsdag.

    Mannen, som er busett i Florø og er norsk statsborgar, var i politiavhøyr som vitne.

    Opplysningar som kom fram under dette avhøyret, saman med andre opplysningar politiet hadde i saka, gjorde at politiet meiner det er overvekt av sannsyn for at han deltok i eller medverka til drapet.

    Politiet tek sikte på å framstille mannen for varetekt i løpet av morgondagen.

    Han har fått oppnemnt Ivar Blikra som forsvarar og det skal gjennomførast nytt avhøyr i morgon, fredag.

    Politiets arbeid

    Kriminalteknikarar har i dag vore i bustaden til den nye sikta, for å sikre spor der. Det blir arbeidd med å kartlegge den sikta mannen sine bevegelsar på tysdag 2. april.

    Politiet har sperra av søppelkasser, og held vakt ved bustad 

    Politiet gjer også undersøkingar opp mot kommunikasjon, både mellom de ulike involverte og med andre. Dette gjer politiet for å danne seg  eit bilde av de involverte sitt nettverk, bevegelsar og kven som kan ha informasjon i saka.

    Arbeidet med avhøyr av vitne held fram dei kommande dagane, og politiet er i gang med tilarbeiding og analyse av den informasjonen dei har fått inn frå trafikkdata og beslag.

    Den sikta 22-åringen si forklaring

    22-åringen som frå før er sikta i saka, vart torsdag fenglsa i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei to første vekene vert i isolasjon.

    - 22-åringen har forklart seg i avhøyr, både i går og i dag. Han samarbeider framleis godt med politiet. Men vi kjem ikkje til å gå inn på kva han har sagt, det er uheldig for den vidare etterforskinga, seier Inger-Lise Høyland til Firdaposten.

    - Når det gjeld kva sikta har forklart i avhøyr registrerer eg kva media har skrive, men politiet ønsker ikkje å kommentere kva han har forklart, eller korleis han stiller seg til siktinga. Detaljar frå den sikta mannen si forklaring i media er uheldig på dette stadiet i saka. Vitne som skal i avhøyr kan bli påverka av det som står i media, eller tilpasse si forklaring til det som de har lest eller sett, seier politiadvokaten.

    Drapsofferet og dei to som no er sikta kjenner kvarandre, men Høyland vil ikkje seie noko meir om relasjonane dei imellom.

    Artikkeltags