Lovar likestilling på sokkel

Her er komiteen som skal arbeide med å få reist eit krigsminnesmerke over lokale krigsheltar i Flora:  Frå venstre Øystein Hjertenes frå Flora Historielag, Malvin Horne frå Flora Krigshistorielag i lag med rådmann Terje Heggheim, Reidar Brandsberg frå Flora Historielag, kultursjef Margit Kløvfjell Drivenes og Edvin Helgheim frå Flora Historielag.

Her er komiteen som skal arbeide med å få reist eit krigsminnesmerke over lokale krigsheltar i Flora: Frå venstre Øystein Hjertenes frå Flora Historielag, Malvin Horne frå Flora Krigshistorielag i lag med rådmann Terje Heggheim, Reidar Brandsberg frå Flora Historielag, kultursjef Margit Kløvfjell Drivenes og Edvin Helgheim frå Flora Historielag. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Om alt går etter planen, vil både kvinner og menn som utgjorde ein forskjell under okkupasjonstida i Flora, hamne på sokkel i nær framtid.

DEL

Komitéen som er sett ned for å jobbe fram eit monument over motstandsheltane våre, er no i gang med arbeidet sitt. Og målet er klart: Når det i mai 2020 skal markerast 75-årsjubileum for slutten på andre verdskrigen, skal monumentet vere på plass, og ei aktuell plassering er midt i hjartet av byen, på Trovikkaia.

Planar for utforminga har komiteen allereie.

- Målet er ei statue av Sigrun Solberg, Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, forklarar Reidar Brandsberg.

Alle skal med

Statuekomitéen vi vektlegge likeverd og at andre grupper enn dei som var i fremste frontlinjer, også skal bli framheva.

- Sigrun Solberg vil bli eit symbol for desse andre, dei mange som hjelpte til og som gav verdfulle bidrag inn i motstandsrørsla, komitéen i ei pressemelding.

Dei takkar også Firdaposten, som i haust kom med eit innspel om nettopp dette; at i motstandskampen mot nazi-okkupantane, gjorde mange kvinner ein djerv og uvurderleg innsats, og at få av dei har fått den heideren dei fortener.

Viktig for framtida

- Vi ser føre oss eit handlingsprega "bilde" frå denne tida. For eksempel at Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen står og ser etter tyske krigsskip i horisonten og Sigrun, den hjelpande engelen står smilande i lag med dei og passar på. Ho blir symbolet og representanten for alle dei kvinner og menn, som hjelpte og bidrog under motstandsarbeidet. Det spesielle blir at hjelparne/kysten sine folk no blir sett og inkludert og løfta opp på sokkelen, slår komitémedlemmene fast, og legg til at monumentet ikkje berre handlar om å skue bakover:

- Mange som veks opp i dag, kjenner lite til historia. Vi håpar at prosjektet vårt kan gi læring og kunnskap, samtidig som det er ei påminning om noko vi aldri må late bli gløymt, seier dei.

For sårt, for tidleg

Tanken om eit monument over motstandsheltane våre blei reist så tidleg som i 1960. Men då var truleg kjenslene frå krigen framleis for nære og sterke. Når ein no nærmar seg eit 75-årsjubileum for krigens slutt, er tida inne, meiner komitéen.

Tanken om monumentreisinga har nok også styrkt seg, parallelt med arbeidet for å få realisert ein TV-serie om kystagentane våre, eit prosjekt som no er i hendene på både nasjonale og internasjonale film- og fjernsynsaktørar.

- Vi ønskjer å få rotfesta denne viktige delen av vår felles lokalhistorie. Vårt bidrag blir monumentet, seier komitéen.

Kystagentane

SiS-agentane Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal var dei to første agentane som blei sett i arbeid på kysten av Norge for å samle etterretningsinformasjon for dei allierte.

Dei låg i skjul i sauefjøs, fjellholer og på berghyller, og var ein del av SiS (Britisk etterretningsteneste). Agentane opererte på kysten utanfor Askvoll (Staveneset), Flora (Eric/Roska) og Bremanger (Erica), og sette livet på spel under vanskelege tilhøve i det okkuperte Norge.

Hitler bygde sterke festningsverk for å ha kontroll over den strategisk viktige kysten, truleg var det den viktigaste årsaka til at han hærtok Norge. Arbeidet agentane og deira norske sivile hjelparar utførte, skjedde i den største løyndom og har i liten grad vore kjent.

Det er framleis i dag lett å få det inntrykket at det meste av krigen føregjekk på det sentrale Austlandet. Det som skjedde langs kysten vår er ikkje like kjent blant folk. 


 

Artikkeltags