Krev politisk behandling av Florø Radio

Florø radio får politisk støtte frå KrF. Her er kystradiooperatør Tore Bratbergsengen på 1. mai-vakta. Foto: Svend Arne Vee
Sogn og Fjordane KrF fekk gjennomslag på landsmøtet i helga.
Sogn og Fjordane KrF fekk fleirtal for at forslaget om nedlegging av kystradiostasjonar langs kysten skal ha ei politisk behandling. Landsmøtet som gjekk av stabelen i helga, krev no at økonomiske omsyn ikkje skal gå framfor tryggleiken for dei som ferdast lands kysten.
Vedtaket er kom inn i ein resolusjon om distriktspolitikk etter eit samarbeid mellom Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Finnmark, skriv KrF i ei pressemelding.
Mykje støy
Både i vårt eige fylke og i andre fylke har det komme sterke reaksjonar på nedlegginga av tre kystradiostasjonar. Florø radio har vore i drift sidan 1938 men Telenor varsla at stasjonen blir lagt ned frå 4. april.
Telenor grunngir nedleggingane med «operative gevinster og kostnadsbesarelser».
- Dette er paradoksalt når Telenor har konsesjonsplikt til å drive kystradiotenesta og får statlege tilskot til dette, heiter det i landsmøtefråsegna.
Inga styrking
KrF fryktar at edlegginga av Florø radio betyr at ein mister lokalskunnskapen i denne viktige tenesta.
- Det er få som trur denne nedlegginga vil betre tryggleiken til sjøs. Vi kan ikkje akseptere at endringar i viktige tryggleikstiltak ikkje blir løfta i dei folkevalte fora, skriv sentrumspartiet.
Kommentarer til denne saken