Gå til sidens hovedinnhold

KrF vil hestehandle Svelgen-arbeidsplassar

Artikkelen er over 14 år gammel

KrF kjem med framlegg om ein byttehandel med Elkem i Bremanger. Skaffar dei fylket 150 – 200 arbeidsplassar skal fylket stille opp med konsesjonskraft som fylkeskommunen disponerer.

Fylkeskommunen disponerer ein 350 – 400 GWh konsesjonskraft. Denne krafta bør alternativt kunne brukast til å skape arbeidsplassar på kysten. Det er det Elkem ber om, gje oss betre veg Svelgen – Grov og eit energiregime som gir oss lavare energiprisar og stabile leveransar.

Dette svarer KrF positivt på, seier Svein Ottar Sandal i KRF.