Høgreleiar i Flora, Berit Seljeseth Osa, kjem med krav om at naudsamband og radiodekning i Sundefjellstunnelen, må komme på plass før fylket overtek riksvegane.

I går kom det fram i NRK- lokalradioen at berre eit fåtal av tunnelane i fylket har slike naudsamband.

For dårleg

Sjøl om Sundefjellet har dekning for mobiltelefon er dette ikkje bra nok i ein naudsituasjon, særleg fordi der er passasjar der mobildekning er fråverande eller svært dårleg. Osa kjem til å reise saka i Samferdsleutvalet til Flora kommune, der ho sjøl er medlem. Ho ventar at kommunen så vil presse på fylket.

– Også Magnhildskaret bør ha slike naudsamband. Men det hastar endå meir for Sundefjellet, fordi trafikken her er ekstra stor. Sjøl høyrer ho til den store gruppa av pendlarar som reiser gjennom Sundefjell-tunnelen dagleg. Det gjer ikkje situasjonen betre at asfalten og vedlikehaldet til vegdekket er heller dårleg med djupe hjulspor. Dette kan føre til ulykker, meiner Osa.

Overtek snart

Ho stiller store spørsmålsteikn ved at fylket no skal overta ansvaret for vegen og tunnelen frå staten. Det skjer frå årsskiftet, men utan at vegen er sette i topp stand eller at det følgjer finansiering med før overtakinga. Eg fryktar at dette er endå eit typisk døme på at staten overfører store oppgåver til andre utan at der følgjer med pengar, seier Osa til Firdaposten.