Gå til sidens hovedinnhold

Krev gjestebrygga fjerna

Artikkelen er over 12 år gammel

Fjord1 vil ha storferja "Eid" til ferjekaia i Florø. Florevika Gjestebrygge vil ikkje betale.

Fjord 1 set no inn ferja Eid på 65 meter lengd, i ruta mellom Kjelkenes og Florø i dei tre vekene arbeidet går føre seg i Haukå tunnelen, og fylkesvegen er stengd.

I dag, fredag, klokka 11 fekk Stein Kjetil Holvik og Florevika Gjestebrygge AS, beskjed om å fjerne gjestebryggjene for at ferja skal få plass nok til å manøvrere.

Bryggene måtte vekk innan måndag morgon klokka 05.00. I går prøvde leiar for KF Flora Hamn, Hallgeir Helland å få Fjord 1 med på at å finne andre løysingar som at andre båtar kan hjelpe ferja inn. Han vil ha ein prøvetur. Holvik seie det blir ein dyr operasjon å flytte bryggene. Han undrar seg over at Fjord 1 ikkje høyrer på andre sjøkunnige som seier at det godt let seg gjere å manøvrere ferja. til kai i Florø. Sjølv vil han ikkje ta på seg verken flyttinga eller kostnadene.

– Det blir ikkje billeg og er ein stor operasjon. Ei flytting kan fort koste opp til ein halv million kroner.

Heller ikkje Florø Hamn eller Fjord 1 vil betale. Då kan kravet komme mot fjerde part Vegvesenet, som gav frå seg ansvaret for vedlikehald og drift av ferjekaia i Florø 2006, men no hevdar at dei framleis har kaia i beredskap. Det er Vegvesenet og Fjord 1 som i fellesskap har komme fram til at ferja skal settast inn.

For Holvik er det og eit poeng at sesongen ikkje er over.