Gå til sidens hovedinnhold

Krev erstatning

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Vigdis Lønnøy krev erstatning frå Bremanger kommune for vatnet ho har måtte kjøpe sidan det vart kokepåbod i Svelgen.

– Vi har sikkert brukt om lag 2000 kroner på drikkevatn-kjøp, fortel ho.

– Eg finn meg ikkje i at eg må kjøpe dyrt vatn fordi kommunen ikkje leverer det dei skal. Eg forlanger erstatning, seier Lønnøy.

Så no vil ho skaffe fram kvitteringar på vasskjøpa og sende klagebrev til Bremanger kommune.

Ho og mannen flytta til omsorgsbustad i Svelgen i november, same månad som det vart påvist bakteriar i drikkevatnet i bygda. Og i løpet av dei to månadene etterpå har det blitt handla store mengder vatn.

– Eg trur vi har brukt opp imot 2000 kroner på drikkevatn. I tillegg koker vi mykje springvatn til ulikt bruk, fortel ho.

Treng reint vatn

Lønnøy vart ramma av kreft i tungefestet for 19 år sidan og operert i munnhola. I løpet av ei intensiv strålebehandling vart ho stråleskadd og har seinare fått både lymfeødem og fatigue, såkalla utmattingssyndrom, som somme tider kan ramme kreftpasientar. Ho er ufør, og bur no i omsorgsbustad i Svelgen.

– Eg har levd med smerter i 19 år og går framleis til behandling for ulike plager. Eg reiser til sjukehuset i Førde ein gong i veka, til Haukeland kvar månad og til kreftsenteret utanfor Lillehammer ein gong i året, fortel ho.

– Og på grunn av helsemessige årsaker må eg drikke over tre liter vatn for dagen. I tillegg må eg ha heilt reint vatn til å reingjere og skylje munnhola og protesen eg har. Så det har vore mykje styr med koking av vatn, å få vatn på flasker og så vidare. Eg kan ikkje bruke springvatnet til noko som helst så lenge det inneheld bakteriar, det tør eg ikkje. Til det er eg for ømfintleg, spesielt i munn og svelg.

Stolt

Lønnøy seier ho er kjempestolt av Gry Gulestøl som stod fram med vass-saka i Svelgen, og at ho blei inspirert av henne.

– Det var kjempeflott! Men eg synest teknisk etat gav eit veldig dårleg svar til innbyggjarane, seier ho.

No lurar ho på kva kommunen har tenkt å gjere med det forureina vatnet.

– Skal vi berre vente og vente og ikkje få noko svar? Betyr ikkje folk si helse meir enn pengesummar? Eg håpar at det snart blir ei ordning, det har vore tøft for meg med alt styret for å få tak i reint vatn. Heldigvis har eg fått mykje hjelp frå mannen min, Halvard, seier ho.