Samla inn rekordstor sum til kreftsaka

AKSJONSLEIARANE: Andrine Stusdal Melvær (til venstre) og Frøya Hopen Eliasson var aksjonsleiarar for innsamlinga til Kreftforeininga.

AKSJONSLEIARANE: Andrine Stusdal Melvær (til venstre) og Frøya Hopen Eliasson var aksjonsleiarar for innsamlinga til Kreftforeininga. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Årets russ på Flora vidaregåande skule samla inn over 100.000 kroner til Kreftforeninga. Det er 10.000 kroner meir enn fjorårets kull.

DEL

– Dei som har gått må jo ha vore usannsynleg sjarmerande, seier aksjonssjef Andrine Stusdal Melvær med eit smil, til Firda sin ungdomsredaksjon Firda Ung.

Sidan 2011 har florarussen gått bøsseberarar for Kreftforeininga. I år deltok 61 av 100 frå årets russekull, og i år vart rekorden frå 2016 på 106.640 kr slått.

– I år har vi fått inn 115.627 kroner som er rekord. Dette er veldig bra, seier Frøya Hopen Eliasson som også er aksjonsleiar.

Aksjonsleiarane er veldig glade over resultatet og har fått mykje skryt frå medrussane sine.

– Eg trur aksjonsleiarane har vore gjennom mykje jobbing for å få dette til. Dei har skaffa sponsorar og fordelt arbeidet med å gå frå dør til dør, seier revysjef Edwina Rossi til Firda Ung.

Aksjonsleiarane er også fornøgde med innsatsen til medrussen.

– Vi rett og slett skikkeleg stolte og det kjennes litt ubeskriveleg, legg Frøya til.

Artikkeltags