Krangla om eigedoms- skatt

Espen W. Gulliksen meiner det er feigt å seie nei til eigedomsskatt i den situasjonen Bremanger kommune er i no.

Espen W. Gulliksen meiner det er feigt å seie nei til eigedomsskatt i den situasjonen Bremanger kommune er i no.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Temperaturen blei høg når kommunestyret i Bremanger skulle ta stilling til innføring av eigedomsskatt tysdag.

DEL

Espen W. Gulliksen (Ap) var ikkje nådig da han karakteriserte Høgre og Framstegspartiet sin motstand mot innføring av eigedomsskatt på fast eigedom i Bremanger.

– Med mindre dokke kjem med eitt reelt alternativ må eg kalle dette for både feigt, frekt og ansvarsfråskriving.

Ingen val

Gulliksen og Arbeiderpartiet fekk medhald frå Venstre, KrF og SV at kommunen i røynda ikkje har ikkje noko val.

– Skal vi ha skjønnsmidlar i 2009 må vi vise vilje til å innføre denne skatten. Det er ein usosial skatt som vi i utgangspunktet er imot, men sett opp imot kutta vi kan spare kommunen for så er han kanskje ikkje så usosial likevel, sa Gulliksen, og peika på at kommunen må finne inndekning for 30 millionar dei neste tre åra.

Hardt ver

Utafor vindauga til rådhuset i Svelgen var det kraftige byger og storm i kasta, noko som sette ein ekstra spiss på debatten innanfor husveggene.

– No er det hardt ver ute, og kommunestyret skal vere klar over at det er det i og for seg her inne og, sa Einar Kjerpeseth (Sp), og gav sin støtte til Arbeiderpartiet med forbehald om at eigedomsskatten skal takast vekk når det blir betre tider. Jorunn P. Frøyen (H) tok til orde for at Gulliksen brukte fantasital i argumentasjonen sin.

– Han etterlyser ein plan frå oss, samtidig snakkar han om 30 millionar i skjønnsmidlar frå staten. Dei tala kjenner eg ikkje att, og eg veit ikkje kor han har tala frå. Vi burde kunne forhandle meir med fylkesmannen om å skyve framføre oss eigedomsskatten til vi ser resultatet av dei rettslege prosessane vi har sett i gang, sa Frøyen, og viste dermed at det fins eitt alternativ til eigedomsskatt, nemleg å vinne kampen mot DnB NOR i retten.

Krisesituasjon

Frøyen sa på vegner av Høgre at i ein situasjon kor ein bør minke skattebyrdene på folk, så går kommunestyret inn for å auke skattane. Ho snakka sjølvsagt om finanskrisa og Høgre sentralt sin kritikk av regjeringa for å ikkje ville foreslå skattekutt for å lette økonomien til folk i ei tid med meir arbeidsløyse. Ho var sterkt kritisk til fleirtalet i kommunestyret som sa dei i utgangspunktet var imot eigedomsskatt.

– Dokke seie at de er imot, men eg kan ikkje sjå eitt forsøk frå dykk på å unngå han. Eg er ikkje villig til å bøye nakken og innføre eigedomsskatt. Dei minste må få sleppe. Knutholmen betaler 150.000 kvart år. Det er ein usosial form for skattelegge. Vi har masse minstepensjonistar som sit på større hus som no truleg må ut med ein tusenlapp i året. Det er mykje pengar for mange, argumenterte Frøyen, og reiste seg mot eigedomsskatten, saman med Høgre-benken og representantane frå Frp.

– Vonleg vil vi få endeleg svar i saka om DNB-lånet i 2009 eller 2010. Det vil vere lurt å vente til vi får svar på dette, meinte Frøyen.

Men eit solid fleirtal røysta for innføring av eigedomsskatt.

Artikkeltags