Turlaget er ny leigetakar på Kråkenes fyr

DNT OVERTEK: Ytre Nordfjord Turlag har inngått ein treårig leigeavtale med Kystverket på Kråkenes fyr på Stadlandet. Fyrbygninga ligg 45 meter over havet, men likevel sler saltvatnet inn på rutene

DNT OVERTEK: Ytre Nordfjord Turlag har inngått ein treårig leigeavtale med Kystverket på Kråkenes fyr på Stadlandet. Fyrbygninga ligg 45 meter over havet, men likevel sler saltvatnet inn på rutene Foto:

Av

EIGEDOM: Ytre Nordfjord Turlag leiger Kråkenes fyr i tre år.

DEL

Tidlegare i haust søkte Kystverket etter nye leigetakarar på Kråkenes fyr. Seks søkte, og no har Ytre Nordfjord Turlag fått ja, skriv Kystverket i ei pressemelding.

– Med Ytre Nordfjord Turlag får vi ein leigetakar med lokal forankring, fortel senioringeniør Svein Gunnar Vallestad i Kystverket, fortel firda.no.

Sogn og Fjordane Turlag kan no tilby overnatting på to fyr, på både Kråkenes og Skongenes. Begge fyra ligg i Vågsøy kommune på Stadlandet. Kulturminnevern og kulturformidling er to av tinga turlaget vil jobbe med. Kystverket ønskte ein leigetakar som gjer fyret ope for alle.

– Med eit driftskonsept som turistforeningshytte blir fyrstasjonen veldig open for allmenta, seier Vallestad.

Treng mykje vedlikehald

Fyrlykta på Kråkenes fyr vart tend 1. oktober 1906, så fyret er 112 år gamalt. I tillegg til sjølve fyrbygninga, står det ein assistentbustad med fire soverom og eit kjøkken på tomta.

Dei siste 25 åra har tyske Thomas Bickhardt (55) og Bettina Vick Bickhardt drive fyret.

– Dei som tek over må brenne for Kråkenes fyr. Ein må vere fleksibel, like menneske, og det er godt å vere kreativ. Så må ein like å jobbe, det er veldig mykje vedlikehald, fortalde Bettina Vick Bickhardt til Firda i oktober.

Gratis leige av dette i tre år eller meir – på eitt vilkår

Artikkeltags