Kraftig blå framgang

Artikkelen er over 8 år gammel

Høgre er den store "vinnaren" i ei meiningsmåling utført av InFact på vegner av Sogn og Fjordane Frp.

DEL

Ei meiningsmåling utførd av InFact på vegne av Sogn og Fjordane FrP syner framgang for både Framstegspartiet og Høgre i Sogn og Fjordane. Det er intervjua 1185 personar i fylket den 12.mars.

Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, er nøgd med at tala for FrP no er i ferd med å peike oppover over eit år før stortingsvalet.

– Det er svært mykje i denne målinga som gjer at motivasjonen vert løfta mange hakk. Berre det at vi no ser ut til å ha snudd den negative trenden frå i fjor er svært oppløftande,seier han.

Viss målinga hadde vore val, ville det vore AP, SP og Høgre som hadde fått dei tre direktevalde representantane til Stortinget. Framstegspartiet har dobla si oppslutning frå valet i fjor haust og ligg like oppunder valresultatet frå 2009, som var det beste i partiet si historie. I tillegg til dei tre direktevalde representantane, skal det også veljast eit utjamningsmandat frå fylket.

Arbeidarpartiet er størst i målinga, og får ein oppslutnad på 26,3%, som er ein tilbakegang på -3,3 prosentpoeng i høve stortingsvalet i 2009.

Høgre er på denne målinga nest størst, og kan notere seg med ein framgang på heile 8,8% til 20,9%.

Senterpartiet er partiet med størst tilbakegang med heile -5,0%, og ender med ein oppslutnad på 20,2%.

Framstegspartiet ender på 15,1% som er ein tilbakegang på 0,7% i høve stortingavalet i 2009. KRF er stabile på 6,7% (-0,1), mens Venstre har ein liten framgang til 4,6% (+1,3).

SV går tilbake med 1,9% og endar på 3,9%.

Artikkeltags