Gå til sidens hovedinnhold

Køyrde av vegen

Artikkelen er over 11 år gammel

Ambulanse frå Florø, brann og politi rykte alle ut til ulykkesplassen.

Det var full utrykking etter melding om trafikkuhell vest for Naustdaltunnelen i området ved Svarthumle litt over klokka 1800 måndag ettermiddag.

Eit køyrety hadde køyrt av vegen og vart liggande på sida med føraren sitjande fast inne i bilen. Han vart send til Førde Sentralsjukehus for undersøking. Informasjon til no tyder på at føraren ikkje er blitt alvorleg skadd.