Gå til sidens hovedinnhold

Kontrollutvalet neglisjert

Artikkelen er over 13 år gammel

Kontrollutvalet sin rapport om Terra-skandalen blei nevnt med ein setning i kommunestyret: "Vi tek den til vitande". Revisor Terje Førde føler at han blir gjort til skyteskive.

Gulliksen sa på vegne av Arbeiderpartiet at dersom utrykket "Å ta til vitande" betyr at vi har lese rapporten til kontrollutvalet, og forstått innhaldet av den, så var det greit at rapporten sto nemnt i vedtaket. Grande Røys stadfesta frå Høgre at det ikkje er snakk om å godkjenne innhaldet i rapporten. Dette fekk revisor Førdetil å servere følgjande replikk:

- Eg tek imot kritikken som er kommen for at vi ikkje oppdaga saka tidlegare. Eg kan ikkje godta rolleforståinga som her blir vist i kommunestyret, det må vere klart at vi i revisjonen har plikt å undersøke ting når vi har oppdaga feil. Vi har hatt eit stort arbeid med revisjonsrapporten, og måtte levere rapporten på kort tid. 8. februar ba eg om at ikkje vi måtte bli skyteskive når vi leverte ferdig rapport. Det ser eg no at vi blei, etter at vi har måtte vente fem månader på eit vedtak i kommunestyret.

Beklaga

Arbeiderpartiet sin representant Gulliksen beklaga på vegne av partiet sitt at dei vart lurt av Terra.

- Vi beklager på det sterkeste at vi har fatta vedtak som strider imot lover og reglar, og dette får vi no svi for. Vi kan likevel ikkje legge vekk at vår naivitet har blitt utnytta av kriminelle. Vi meiner departementet, sparebankene og Terra også må ta sin del av dette, sa Gulliksen.

Rosa dei som står på

Midt oppe i den vanskelige situasjonen vil vi seie nokre rosande ord til dei som prøver å få til noko i kommunen, eg vil også skryte av alle som går til jobben sin kvar dag og som ser for seg i framtid i kommunen vår, trass i at dei veit at Terra-saka fører til negative konsekvenser for innbyggarane.

Arbeiderpartiet gjorde framlegg til vedtak på bakgrunn av Terra-saka - vedtak som ikkje får konsekvenser for leiarane i kommunen.

Framlegget vart godkjendt.