MX Sport i Florø er konkurs

KONKURS: MX Sport Florø.

KONKURS: MX Sport Florø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Melde sjølv oppbod.

DEL

MX Sport Florø AS på Evja har meldt oppbod til skifteretten. Det stadfestar bustyrar advokat Snorre Seim til Firdaposten onsdag morgon.

– Eg har ikkje fått snakka med selskapet enno, så eg har ikkje fått innsikt i kvifor dei har levert inn oppbod. Men i oppbodsbegjæringa er det opplyst at samla gjeld er på 6.170.000 kroner, seier advokat Seim.

Ifølge regnskapstall.no har selskapet slite økonomisk dei siste åra. I 2014 hadde dei eit negativt årsresultat på 1,2 millionar kroner. Og det såg ut til å snu, for i 2015 var årsresultatet -768.000 kroner før det i 2016 var 135.000 kroner.

Artikkeltags