Det seier Berit Hovland i Human-Etisk Forbund i Flora.
Dei ber lokalpolitikarane tenkje over følgjande før bystyret skal stemme i saka.
1. Er det slik at vi kan overlate til eit resultat av ei høyring om vi skal følgje norsk lov eller ikkje? Ut frå rådmannen si vurdering er framlegg til vedtak i strid med lova.
2. I kva grad har dei som ikkje deltek i ei konfirmasjonsundervisning blitt høyrt i denne saka? Dei er i klart mindretal men har klart gitt uttrykk for kva dei meiner om ordninga. Til dømes vert det vist til at dei ikkje får undervisning i denne tida.
- For Human-Etisk Forbund er det eit grunnleggande prinsipp at ingen elevar skal føle seg utanfor på grunn av livssynsmessig tilknyting. Skulen skal vere ein stad der alle skal vere inkludert og der elevane ikkje skal skiljast etter livssyn. Difor ynskjer ikkje HEF å bruke av skulen si tid til humanistisk konfirmasjon, seier Hovland, som meiner at all konfirmantundervisning skal foregå på kveldstid og ikkje innafor skulen.