Domstein: - Kommunesenteret må til Måløy

Klar tale frå Høgre-nestor Rolf Domstein: Nye Kinn kommune må ha hovudsete i Måløy.

Klar tale frå Høgre-nestor Rolf Domstein: Nye Kinn kommune må ha hovudsete i Måløy. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Vågsøy Høgre seier nei til å gå inn i Kinn kommune, og grunnen er enkel, meiner Høgre-nestor Rolf Domstein:

- Avtalen er for ubalansert og Vågsøy kjem for dårleg ut. Vi seier ikkje endeleg nei, men vi vil halde fram med forhandlingar og gir oss tida til januar 2018, seier Domstein.

- Kva må til av endringar for at dette skal vere ein god avtale for Vågsøy?

- Kommunesenteret må leggjast til Vågsøy, kort og godt. Det ville vere med å balansere avtalen, som i dag er altfor Flora-tung, meiner høgrepolitikaren, som dermed ser føre seg at både rådmann, rådmannsstab, tenesteleiarar og ordførar må ha tilhald i Vågsøy i ein ny Kinn kommune.

- Utfordringa er å skape noko form for integrering i ein slik kommunekonstruksjon. Vi har tilnærma null felles bu- og arbeidsmarknad. Flora vil ha hovudtyngda på mange område, og det må vi kompensere - gjerne slik vi førslår no, seier Domstein.

Mykje tyder dermed på at Kinn kommune blir lagt på is, når kommunestyret i Vågsøy møtest for å røyste over avtalen torsdag klokka 12. Det var Høgre som var tunga på vektskåla då Vågsøy med ei røyst overvekt vedtok å utsetje den endelege avgjerda førre veke.

LES OGSÅ: Vil forhandle vidare med Flora ut året

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken