Varaordførar Anne-Britt Øyra (H) har publisert resultatet på si Facebook-side.

  • 62, 6 prosent seier JA til kommunesamanslåing.
  • 30,6 prosent seier NEI til kommunesamanslåing.
  • 6,8 prosent seier veit ikkje.

Rådmann Øyvind Bang-Olsen og ordførar Håkon Myrvang (Ap) bekreftar resultatet. Det skriv Firda.

Akspeterer resultatet

Myrvang er skuffa over resultatet.

– Dette var eit tydeleg svar frå innbyggjarane. Dei ønskjer at vi skal slå oss saman med Gaular, Førde og Jølster, og det respekterar eg.

– Er dette eit nederlag for deg?

– Ikkje eit nederlag, men eg er sjølvsagt skuffa. No har vi spurt innbyggjarane kva dei vil og fått eit tydeleg svar. Men eg hadde håpa på eit anna resultat, seier Myrvang.

Nøgd med gjennomføringa

No byrjar jobbinga for å få ein god overgang til ein større kommune, fortel han.

– 30. juni skal vi ha kommunestyremøte og då vert det fatta endeleg vedtak.

Rådmann Øyvind Bang Olsen er nøgd med gjennomføringa av folkehøyringa.

– Undersøkinga er gjort på ein skikkeleg måte. Vi oppnådde 500 intervju som var målet, seier han.