Fortvilar over tilrådinga om tvang

Hjelpelause: – Vi kjenner oss fortvila og hjelpelause. Dette er ikkje demokrati, seier dei to unge jentene, Ida Vågene og Ragnhild Winther Bremnes.

Hjelpelause: – Vi kjenner oss fortvila og hjelpelause. Dette er ikkje demokrati, seier dei to unge jentene, Ida Vågene og Ragnhild Winther Bremnes.

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi vil stå åleine, seier Ida Vågane, som er leiar i Bremanger AUF.

DEL

– Bremanger kommune har gjort det klart at vi ønsker å stå åleine. At dette no ser ut til å ikkje bli respektert ser vi på som ganske alvorleg. Tvang køyrer over folkeviljen, noko vi meiner skapar mistillit til sjølve demokratiet, forklarer Vågene i ei pressemelding Firda refererer til

Ho har saman med resten av styret og medlemmane i Bremanger AUF blitt svært opptekne av kommunesamanslåinga. Torsdag tilrådde fylkesmannen at Bremanger kommune skulle tvingast inn i ei samanslåing med Vågsøy og Flora.

Føler seg hjelpelause

Vi er ikkje fornøgde med det vi ser er i ferd med å skje. Kommunestyret i Bremanger stemte imot å slå seg saman med Florø og Vågsøy. Innbyggarane ønskte ikkje ei samanslåing. Bremanger kommune står støtt åleine og vi fryktar at ei storkommune fører til ein meir tungvint kvardag, seier Ragnhild Winther Bremnes som er sekretær og kasserar i Bremanger AUF.

-Innbyggarane føler seg hjelpelause. Dersom ein ikkje blir lytta til gjennom det som skjer i demokratiske prosessar, korleis kan ein då vere trygge på at vi blir høyrt ved seinare høve, legg Vågene til.

Håpar på løysing

Bremanger AUF håpar at ei anna løysing blir funnen, ei løysing som forhåpentlegvis klarar å møte alle partar.

Tvang gjev i det heile ikkje noko godt grunnlag for ein storkommune. Samarbeidet vil nok ikkje bli like lett når tvang er grunnsteinen for ei eventuell samanslåing. Det er ikkje fordi Bremanger kommune ønsker å vere trassige at ein har stemt i mot ei samanslåing, men fordi ein ikkje ser gode nok grunnar til for ei samanslåing. No meiner vi at fylkesmannen set demokratiet på prøve, og det er noko ein bør unngå å gjere, seier Bremnes og Vågene.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken