Gå til sidens hovedinnhold

Sanner: «Ingen grunn til å vente»

Artikkelen er over 4 år gammel

Onsdag var kommunepolitikarane frå Flora og Vågsøy i møte med kommunalministeren.

I tillegg til Jan Tore Sanner (H), møtte politikarane leiar Helge André Njåstad (Frp) i Kommunal- og forvaltningskomiteen og André Skjelstad i same komiteen. Meldinga frå Stortingsrepresentantane og ministeren var klar:

– Dei ser ingen grunn til å utsette avgjerda om å lage ein kystkommune. Vi har alt å vinne og ingenting å tape. Det har med dei økonomiske gulrøtene som ligg føre å gjere, og desse kan bli bytta ut etter stortingsvalet til hausten. Skal vi få ta del i desse, må vi vere tidleg ute. Vedtaket vårt skal på høyring, også hos fylkesmannen og i departementet. Alt dette tek tid. Så skal vi vere i tide til å kunne tene noko på samanslåinga, må vi i praksis bestemme oss i løpet av våren. Det er no eller aldri, seier ordførar Ola Teigen etter møtet med ministeren.

Kommentarer til denne saken