Positiv til Kinn kommune, men helst ikkje med tvang

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V), her under Arbeids- og sosialkomiteen sitt besøk i Florø i mars 2017.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V), her under Arbeids- og sosialkomiteen sitt besøk i Florø i mars 2017. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– På generelt grunnlag kan eg seie at det sit langt inne å bruke tvang mot kommunar som ikkje vil, og dette er det dei fleste andre representantane på Stortinget meiner.

Det seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i Venstre til Firdaposten torsdag morgon. Det er med andre ord usikkert om han kjem til å gå for å tvinge Bremanger saman med Flora og Vågsøy.

Ikkje gjort seg opp ei meining

Men han strekar under at han førebels ikkje har landa på verken for eller imot tvang overfor Bremanger.

– Eg er veldig positiv til ein sterk kystkommune i Sogn og Fjordane, og synest Kinn kommune er eit spennande prosjekt som har mykje føre seg, men det sit som sagt langt inne å bruke tvang. Prosessar som dette blir som regel best når det er eit ønske lokalt å få ting til. Både Vågsøy og Flora kommune har sagt at dei ikkje ønskjer å tvinge Bremanger med i Kinn kommune. Framover må vi vurdere alle sidene av saka, før vi landar på ei avgjerd, strekar Rotevatn under.

LES OGSÅ: Usikker på kva stortingsfleirtalet vil gå for

Mange faktorar

Til NRK Sogn og Fjordane seier bystyrerepresentant Frank Willy Djuvik (Frp) at han er fortørna over skepsisen til tvangsbruk.

– Dette er veldig overraskande, kriteria for tvangssamanslåing som Venstre og stortingsfleirtalet legg til grunn er jo nettopp til slike tilfelle der ei kommune ligg i mellom og sperrar, seier Djuvik til NRK.

Djuvik si skildring av prosessen er for enkel, svarar Rotevatn til Firdaposten.

– Det finnest ingen standardformel for å slå saman kommunar, det er veldig mange faktorar vi må sjå på. Det at Bremanger ligg midt mellom to kommunar som vil slå seg saman er ein slik faktor. Det har også noko å seie at verken Vågsøy eller Flora vil bruke tvang overfor Bremanger. Og så tek vi Fylkesmannen si tilråding om å bruke tvang med i vurderinga, og ikkje minst om Bremanger vil kunne tilby forsvarlege tenester til innbyggarane i framtida, om dei står åleine, presiserer Rotevatn.

Uavklart i Stortinget

Saka er førebels ikkje diskutert i Stortinget. Det er difor langt frå avklart om Bremanger vil bli tvungen med i Kinn kommune eller ikkje.

– Ettersom eg veit er det berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet som går imot bruk av tvang. Etter landsmøtet i Ap, registrerer eg at dei framover vil tvangsoppløyse alle kommunar som blir tvungne saman, seier Rotevatn.

LES OGSÅ: Slik stiller stortingsbenken seg til tvang av Bremanger

– Men til Firdaposten seier tidlegare fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Arbeidarpartiet at dette landsmøtevedtaket ikkje vil ha tilbakeverkande kraft, altså at Ap i neste stortingsperiode ikkje vil oppløyse kommunar som allereie er tvungne saman i denne stortingsperioden.

– Det er ikkje slik eg les Jonas Gahr Støre sine uttaler, svarar Rotevatn.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken