Kommunal støtte til næringslivet

Artikkelen er over 16 år gammel

Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger løyvde tysdag tilsaman 845.000 kroner i ansvarleg lån til fire ulike næringsverksemder i kommunen.

DEL

Reiarlaget Havstjerna AS fekk innvilga 500.000 kroner til kjøp og ombygging av ny båt, og Jostein Nødseth fekk 150.000 kroner i samband med rehabilitering av sjøbu og utleigeverksemd i Kalvåg. Under føresetnad av at alle naudsynte løyve er i orden, får Kjell Bakke 75.000 kroner til oppføring av hytte nummer to i Smørhamn. Erling Gjørven, som driv campingplass i Stryn, har også to utleigehytter på Dyrstad i Svelgen. No ønskjer han å setje opp ei tredje hytte i området, og får 120.000 kroner frå Bremanger kommune til å realisere dette hytteprosjektet.

I tillegg til desse løyvingane, fekk også Pamela Dunbar eit etablerartilskot på 40.000 kroner i høve oppstarten av Holmen Atelier i Kalvåg.

Artikkeltags