135 arbeidsplassar kan bli flytta

Fylkesmann Anne Karin Hamre

Fylkesmann Anne Karin Hamre Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Regjeringa meiner behovet for fylkesmenn kan bli langt mindre, dersom mange kommunar slår seg saman.

DEL

- Blir det samanslåing blir det og greidd ut at ein kan ha ei delt lokalisering, der arbedisplassar blir fordelt mellom dagens fylker, seier Anne karin Hamre til Firda.

Det er kjend at regjeringa vil ha færre og sterkare kommunar. Men dersom mange kommunar no slår seg saman, trur dei også at behovet for fylkesmennene og deira rettleiing blir mindre. Dei har no starta arbeidet med å forme framtidas regionar.

Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

– Gagnar ikkje innbyggarane

– Fylkesmannen må vere tett på kommunane og innbyggarane, spesielt i Sogn og Fjordane, der avstandane er store. Blir fylkesmannen fjern og meir lik eit statleg direktorat, gagnar ikkje det innbyggarane, seier Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane, til NRK Sogn og Fjordane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tre ulike samanslåingsalternativ for fylka.

  • Landsdelsmodell: 4–7 fylkesmenn
  • Regionsmodell: 8–13 fylkesmenn
  • Konsolideringsmodell: 14–17 fylkesmenn

Det er i dag 17 fylkesmenn i Norge.

- Dette er ikkje Vestfold

Men sjølv om 22 kommunar i Sogn og Fjordane har signert intensjonsavtalar for nye storkommunar, er det ikkje sikkert alle desse samanslåingane blir noko av.

– Vi vil truleg framleis ha relativt mange og mindre kommunar samanlikna med andre fylke, som Vestfold, der det kan bli fire kommunar. I slike tilfelle forstår eg at det blir stilt spørsmål ved om det er trong for eigen fylkesmann. Men i Sogn og Fjordane blir bildet annleis, seier Hamre.

Regionreforma vil ha mykje å seie for framtida til fylkesmennene.

Vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal det kommande halvåret forhandle seg fram til ein intensjonsavtale for ein ny vestlandsregion. I midten av april skal regjeringa legge fram forslag til kva slags oppgåver kommunane og regionane skal ha.

Artikkeltags