Kom uskadd frå dramatisk utforkøyring

Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Ein mann på veg til jobb på Elkem i Svelgen køyrde utfor vegen seks kilometer vest for Svelgen ved 17-tida laurdag. Han kom uskadd frå ulukka.

DEL

Mannen, som er rumensk, var på veg til arbeid då han miste kontroll over bilen sin. Bilen kom utfor vegen, men til alt hell blei sjåføren ikkje med bilen ned i djupet.

Ved 1830-tida gjekk dykkarar frå Bergen i vatnet for å forvisse seg om at det ikkje var fleire i bilen. Køyretøyet ligg i sjøen om lag 20 meter frå land, men kor djupt bilen ligg, er ikkje Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral i Florø heilt sikker på.

- Alt tyder på at mannen var åleine, men her tek vi ingen sjansar. Difor har vi tilkalla dykkarar som har kome med luftambulanse frå Bergen, og dei er no i ferd med å gå i sjøen.

- Bilisten har hatt hellet med seg?

- Ja, slik det ser ut no, har han hatt ein god porsjon flaks, seier Rimmen.

- Kom han seg ut av bilen før den trefte sjøen?

- Det veit vi ikkje førebels. Mannen skal vere fysisk uskadd, men han er send til sjukehuset i Førde for ein kontroll.

Artikkeltags