Gå til sidens hovedinnhold

Kom frå ombygde Mosquito-fly

Artikkelen er over 12 år gammel

Tomhylsefunna i Svelgen stammar korkje frå luftverkanonar, båtar eller Beaufighters, men frå små støttefly.

Laurdag skreiv Firdaposten om funnet av tomhylser høgt i lia over Eikeland i Svelgen.

Funnstaden tilsa at hylsene måtte ha kome frå fly, men det svært grove kaliberet gjorde at krigshistorikarane tvilte på dette, og at dei 57 mm store hylsene måtte kome frå lufvernkanonar og ved ei tilfeldigheit ha hamna oppe i lia. No viser det seg at fly-teorien likevel var rett – men at feil fly var mistenkt.

For medan Beaufighterane ikkje var utstyrte med anna enn 20 mm kanonar og rakettar, hadde støtteflya deira, Mosquitos, i gitte tilfelle høve til å bere langt tyngre skyts.

Eit prioritert mål

No viser det seg at Mosquito-fly i svært sjeldne tilfelle fekk påmontert ein Mollins sekspunds autokanon, som skaut tunge ladningar i kaliber 57 mm. Flyet hadde nemninga Mosquito FB18 «Tse-Tse», og kvart fly kunne bere med seg 25 skot som kunne avfyrast på 20 sekundar.

– Dette gir heilt ny kunnskap om Svelgen-angrepet, meiner Rune Nordal, som er grunneigar der hylsene blei funne.

Eksklusivt

Berre 27, eller eitt av 50 av alle Mosquito-fly RAF rådde over, var utstyrte med det spesielt tunge skytset, så det var eksklusive krigsmaskiner som var på ferde i Nordgulen-fjordane den 5. desember i 1944.

– Dette viser kor høgt dei allierte prioriterte å få bukt med dei tyske konvoiane, og at Svelgen-angrepet difor blei sett på som svært viktig, seier Nordal til Firdaposten.

Gir ny kunnskap

Han får støtte frå krigshistorikaren Halvor Sperbund, medforfattar på boka «Den svarte fredagen». Sperbund seier at funnet absolutt har krigshistorisk verdi, og kastar nytt lys over Svelgen-angrepet.

Les meir i Firdaposten si papiravis tysdag.