Tysdag ettermiddag vart ein motorsykkel påkøyrt av ein bil like etter krysset på Grov.

Bevisst

Sjåføren av motosykkelen, ein mann i femtiåra frå Florø, vart henta med luftambulanse og frakta til sentralsjukehuset i Førde med smerter i nakke og rygg.

Mannen var ved bevisstheit etter ulykka, og er truleg ikkje alvorleg skada. Han gjekk sjølv ut av vegen der motorsykkelen låg.

Dei som sat i bilen kom frå ulykka utan fysiske skader.

Stoppa trafikken

Politiet veit framleis lite om detaljane rundt det som skjedde.

- Vi vil vente med å konkludere noko. Vi veit at dei var på veg i retning frå Florø, og at motorsykkelen vart påkøyrt av bilen bakfrå, fortel politibetjent Kåre Toreid.

Ulykka, som gjorde at all trafikk forbi Grov stoppa opp, skjedde rundt klokka halv seks.

Rundt tretti bilar i kvar retning stod og venta då trafikken kunne gå som normalt igjen rundt ein time seinare.

I følgje vakthavande lege som kom til staden, Masatique Hatami, vil mannen som vart henta med luftambulanse truleg bli skrive ut frå sjukehuset allereie onsdag.