Lærlingane får studentrabatt på buss og båt

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKULE: Fylkestinget har bestemt at lærlingane skal inkluderast blant dei som får studentrabatt.

DEL

Det var kanskje på høg tid? Under fylkestingsmøtet den 24 april blei det vedtatt å inkludere lærlingane i studentrabatten. Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen har bestemt at også lærekandidatar vert inkludert i ordninga.

Dei må smørje seg med ørlite tolmod. Ordninga blir ikkje gjeldande før frå og med 1. juli i år.

Om du ønskjer å reise med studentrabatt, må du vise fram eit gyldig reisebevis. Det gjeld anten du skal kjøpe enkeltbillett på buss og båt, eller om du skal fylle på periodekortet for buss.

For lærlingar og lærekandidatar er det visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no, eller fysisk kopi av lærekontrakt saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass som er gjeldande som gyldig bevis.

På buss gir studentrabatten 25 prosent rabatt på enkeltreiser, og 40 prosent på periodekort. På båt blir det gitt heile 50 prosent studentrabatt på enkeltreiser.

Artikkeltags