– Vi har vore heldig og hatt oppgang stort sett kvart år. Det er vi sjølvsagt veldig glade for, seier Svein Inge Fosse, sjølvtitulert vaktmeister og vert på den populære gjestgivarstaden.

Pila peikar opp og fram

Til påske kunne han og familien ønske velkommen til eit nyoppussa lokale: Restauranten er utvida, taket heva, kjøkkenet er oppgradert, det blir meir kai, ny butikk og oppstart av sjokoladeproduksjon.

– Korleis var fjoråret under eitt?

– Det var eit veldig godt år. Spesielt sommaren. Men per 1. juli i fjor var vi 400.000 i minus på drifta. Vi tapte 1,5 million frå januar til mai. Vi har ope kvar dag året rundt bortsett frå nokre få dagar i jula. Vi gir eit tilbod, men det taper vi ein del på. Då er vi veldig avhengige av at vi får ein god sommarsesong, så vi får hanke inn att, seier Fosse og legg til at dei har gått i pluss sidan 2006.

Etter oppussinga i april, har ein starta opp med både sjokoladeproduksjon og butikkdrift, og Fosse senior har trua på at det skal gå rundt for dei.

– Vel, vi investerte 16 millionar kroner no i vinter. Så vi har satsa veldig hardt. Åtte av dei gjekk på Knutholmen og fem på Røys landhandel. I tillegg kjøpte vi Nødseth-bua, starta opp sjokoladeproduksjon, og skifta to tak. Så no håpar vi at renta held seg låg og aktiviteten høg! seier Fosse på sedvanleg humor.

– Hadde ikkje ungane vore med på dette, så kunne vi ikkje ha gjort det, seier han litt meir alvorleg.

Han strekar under at dei ikkje gjort forbetringane for å få så mykje meir folk innom dørene, men for å få betre plass.

– Det har vorte lysare og trivelegare. Du veit, alle vil ha vindaugsbord og no får dei nesten det, alle saman.

På hemsen er det også store og lyse lokale.

Dårleg juni også i år

Fosse seier dei nye tilboda, butikk og lokal sjokolade, har vorte godt mottekne.

– Dei held budsjett. Eg meiner det vart berekna 1,6 million i omsetnad no første året. Det vi ligg an til å klare.

– Både butikken og sjokoladeproduksjonen har blitt veldig godt motteke. Det er klart at det blir veldig mykje prøving og feiling i ein oppstartsfase, men det ser bra ut, supplerer dagleg leiar Jan Fredrik Fosse.

Men det kalde og våte junivêret fekk konsekvensar også får Knutholmen.

– Vi har slite litt med å nå budsjett i juni. Det var rett og slett så kaldt og så dårleg vêr at vi ikkje fekk den tilfeldige overnattinga vi brukar å ha.

– Men det kom eit par i går. Her kom dei køyrande på smale vegar, og når dei kom fram låg det 50 båtar i hamna. Det er ikkje for å skryte altså, men dei fekk det måltidet og overnatting i Bukta, på eitt av designromma. Dei var veldig nøgde, seier Fosse og er like nøgd sjølv, over at dei har greidd å imponere gjestane.

Den einaste utfordringa Fosse kan komme på, er på serveringssida.

– Vi prøver å bruke lokale ungdommar, ofte skuleelevar, og dei skal lærast opp. No når det er så fint, vil mange sitte ute på dagen, og på kvelden inne. Vi slit med å følge opp både inne og ute. Men folk er fantastisk lette å ha med og gjere, vi møter masse, masse kjekke folk, så dette er ikkje noko stor sak for oss. Vi har 99,9 prosent nøgde gjestar og får gode tilbakemeldingar. Det er sjølvsagt moro.

Knutholmen-tala

                              2016            2015          2014

Sum driftsinntekter  22.761.000  20.317.000  24.575.000

Driftsresultat           1.391.000      839.000      2.923.000

Resultat før skatt       1.415.000    885.000      3.027.000

Årsresultat                1.082.000     675.000     2.205.000