Klart for målform-val

Artikkelen er over 11 år gammel

FLORØ: Nynorsk eller bokmål ved Florø barneskole? 14. november kan folk seie si meining.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

FLORØ: Måndag 14. november vert det halde rådgjevande folkerøysting i Flora Samfunnshus om målform ved Florø barneskole. Røystinga gjeld spørsmålet om ein skal ha nynorsk eller bokmål som skriftleg hovudmål ved skulen.

Det er alle som bur i området som soknar til skulen som har røysterett, det vil seie området frå Kanalen og til og med Havreneset. I tillegg må dei stå i folkeregisteret som busette i kommunen, og ha fylt 18 år ved utgangen av 2005. Du har også røysterett om du er forelder til born som går på skulen, eller born som er innskrivne til førsteklasse, uavhengig av bustad og statsborgarskap.

Du kan også førehandsrøyste på tenestetorget frå måndag av.

Artikkeltags