Klappa og klart for Våt Moro

Roger Bareksten frå Byen Vår Florø og Ingebjørg Giil har samarbeid nært med Bratt Moro, her representert ved Stein Magne Os (bak t.v.) og Torgeir Skålid (bak t.h.).

Roger Bareksten frå Byen Vår Florø og Ingebjørg Giil har samarbeid nært med Bratt Moro, her representert ved Stein Magne Os (bak t.v.) og Torgeir Skålid (bak t.h.). Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Våt Moro-gjengen er klare med programmet for nyskapinga si. Førebu deg på høge dosar med adrenalin.

DEL

Festivalen har eit bokstaveleg tala eit ekstremt pontensiale, seier Roger Bareksten, som gjennom foreninga Byen Vår Florø har samla alle som driv havsport og andre «halvekstreme» aktivitetar under ein felles aktivitetsparaply.

Noko av tanken bak er å dra forsøke å dra unge menneske hit, ved å vise fram moglegheitene som naturen langs kysten byr på for den som ønskjer å bruke den aktivt. Difor har ein samarbeidd tett med Bratt Moro i Sogndal, som gjennom si bevisste satsing på snø og fjell får mykje av æra for at Sogndal har greidd å etablere seg som eit attraktivt område å busetje seg i for unge vaksne.

No er dei klare med nettside og program til arrangementet. Aktivitetane ein kan prøve seg på er mange - frå havrafting og skjærgardscruise til vrakdykking, paragliding og kiting. Alle aktivitetane har blitt utstyrte med vanskegrad, som «lett», «middels» eller «krev forkunnskapar», slik at det skal vere lett for folk å velje kva som passar for dei. Men målet er at festivaldeltakarane skal få testa ut grensene sine.

«Vi ønskjer å senke terskelen for å prøve denne typen aktivitetar og vi vil gje fleire moglegheit til å oppleve den unike naturen som vi har på Nordvestlandet», heiter det på nettsida. Om du skulle vere blant dei som ikkje har lyst eller mot til å prøve aktivitetane, vil det vere fullt mogleg å følgje med på nært hald likevel - både Atløy og Svanhild skal gå skjærgardscruise heile helga.

Festivalcamp må sjølvsagt ein slik festival ha, og den er lagt til Sørstrand Folkepark. Det vil bli sett opp transport mellom festivalcampen og sentrum, og ein står sjølvsagt fritt til å nytte både strand og sandvolleyballbane. Sjølve nervesenteret for festivalen blir sekretariatet på Haffen. Her vert det påmelding og innsjekk for dei fleste av aktivitetane.

På Hagen vil det bli «after-sea» på kveldstid etter at dagens aktivitetar er overstått. Her blir det sosialt samvær med små filmsnuttar og bilete frå dagen, i tillegg til premieutdelingar og diverse kåringar.

Hav og kystlinje er det nok av byar i Norge som har, men ei bykjerne som ligg så kloss i havet der aktivitetane skal gå føre seg, det er unikt for Florø, seier Bareksten, som meiner byen difor er eit perfekt utgangspunkt.

Nettsida til Våt Moro finn du her.

Artikkeltags