Klagar flyanbodstildeling inn for ESA

Frank Willy Djuvik

Frank Willy Djuvik Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Frank Willy Djuvik (FrP) meiner Widerøe har fått konsesjonen for rutetrafikk frå Florø på feilaktig grunnlag, og har difor klaga Samferdselsdepartementet inn for ESA, overvakningsorganet til EFTA i EU.

DEL

Som kjent vann Widerøe anbodskonkurrransen mot DAT med eit anbod på null norske kroner, som i realiteten betyr at dei skal fly rutene frå Florø utan subsidiar. På denne måten hadde DAT, som hadde lagt inn eit anbod på kring 70 millionar, ingen sjanse til å vinne, i følgje Djuvik. Etter EU sitt reglement må den norske luftfarten følgje EU-sine reglar for luftfart.

- Det er mange openberre brot på både EU og Norges forskrifter og konkurransereglar. Difor undrar eg på kvifor departementet ikkje har avvist anbodet, men berre latt det gå gjennom. Djuvik legg vekt på at det er viktig at den norske staten legg til rette for redelige konkurranseforhold med likast moglege vilkår, og best mogleg flytilbod.

– Eg meiner dette viser klar forskjellsbehandling, og det er samferdselsdepartementet som er ansvarleg i denne saka. Etter den sakshandsaming vi har sett til no, stolar eg ikkje på å få ei objektiv vurdering av selskapa. Då er neste steg å bruke ESA, som avgjer utelukkande ut ifrå reglementet. Dei er innstans over Samferdselsdepartementet.

- Vi har gjort departementet merksame på saka, likevel har dei ikkje reagert. Den einaste moglege løysinga no er EFTA sitt overvakingsorgan ESA.

ESA har god kunnskap om den norske flymarknaden, dei sit på fagkompetase og gir gode vurderingar. I utgangspunktet er det slik at forskriftene for lufttrafikk i EØS viser at Widerøe ikkje tilfredssiller tekniske operative krav, samt at eit null-anbod skulle vore unngått. Her skulle Samferdsledepartementet gjort ein grundig kontroll på om Widerøe gjorde det for å presse ut konkurrentar, noko det gir inntrykk av.

LES MEIR I VÅR PAPIRUTGÅVE.

Artikkeltags