Kjerpeset sette ny personleg rekord

GLAD: Øyvind Strømmen Kjerpeset var glad over tida og meinte han kunne springe sekundet under 50.86. - Då er eg plutseleg i VM, sa han.

GLAD: Øyvind Strømmen Kjerpeset var glad over tida og meinte han kunne springe sekundet under 50.86. - Då er eg plutseleg i VM, sa han. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Den norske rekorden glapp for Øyvind Strømmen Kjerpeset med to hundredelar. - Det vart for tungt på slutten, men eg er utruleg nøgd med tida, sa han.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

På Florø Friidrettsfestivalen i dag håpte friidrettstalentet Øyvind Strømmen Kjerpeset på norsk rekord på distansen 400 meter hekk. Allereie før oppløpet vart det klart at Kjerpeset låg føre dei andre og med lokale auge regelrett sprengde han feltet. Han var fleire meter før resten når dei nærma seg målstreken til stor jubel frå publikum. Då han kryssa målstreken vart det klart at Kjerpeset hadde sikra si beste tid på distansen. Han sprang inn til tida 50.86, knappe to hundredelar treigare enn den eksisterande norske rekorden.

Pers

Den nye tida er derimot den raskaste offisielle tida til Kjerpeset, utgjer ny personleg rekord og gull på distansen.

- Eg er veldig fornøgd. Det er ei kjempegod tid. Det vart litt tungt mot slutten, seier han.

Kjerpeset er i toppform og forholda låg til rette, trass i ein kjølig temperatur på stadion.

Fekk smell

Etter løpet fekk han ein kul over kneet, som måtte isast ned. Korleis skaden vil påverke framtidsutsikta til Kjerpeset er uvisst.

- Eg reknar med at det berre er ein blåveis. Eg kjende ikkje til det undervegs, men då er eg så stinn i adrenalin så eg kunne vore skoten utan at eg hadde merka noko, seier han og smiler.

For dette var heilt klart eit løp han var godt nøgd med. Han smadra feltet og framstod som suveren på heimebane sjølv om han sprang med løparar som har vore under 50-talet.

Har rekorden inne

- Eg meiner heilt klart at eg er god for å springe eit sekund raskare enn det eg gjorde i dag, då er vi i VM plutseleg, seier Kjerpeset.

Han er ein utøvar som brukar å prestere best på slutten av sesongen, og 50.86 i kulden og vinden på Florø stadion gjer at han smilte lurt etter at han hadde gått ned frå sigerspallen på heimebane. Torsdag er det Bislett Games der han får forsøk nummer to til å slette Atle McAdam sin norske rekord på distansen.

- Dette var første steg, no er eg nede på 50 talet og det gler meg. Eg er lei 51-talet no, avslutter han,

Artikkeltags