- Kjennest godt å gi noko tilbake

Artikkelen er over 3 år gammel

Som fersk økonomisk bidragsytar i Stiftelsen Svanøy Hus, tek også Elin Tveit Sveen plass i stiftingsstyret.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Elin Tveit Sveen starta karriera si innan havbruk som tilsett i Svanøy Stiftelse, som for 35 år sidan sat på oppdrettskonsesjonar for laks. Utviklinga har vore ei reise Elin ikkje ville vore forutan. No er økonomien i Marø Havbruk slik at ho er i posisjon til å yte noko tilbake.

– Det kjennest godt. Vi har gjort store investeringar siste åra i meir rømningssikre anlegg, ny teknologi og ikkje minst nytt røykeri. Eg håpar eg har noko å bidra med, for Svanøy Hovedgård er ein ekstremt viktig merkevarebyggjar for heile øysamfunnet vårt, inkludert havbruksaktørane, seier ho.

– Har du tru på at Hovedgården kan utviklast innafor stiftings-konseptet?

– Eg er usikker. I?dag finst det jo ikkje pengar anna enn til vedlikehald. Å selje ut er sjølvsagt noko eit styre må vurdere, og den prosessen går eg inn i med opne auge og utan fordommar. Potensialet for både Hovedgården og øya er i alle fall stort, konstaterer ho.

Etter at røykeriet flytta ut av låven på Hovedgården, står dette bygget no tomt. Det har ikkje vernerestriksjonar, og her kan det ligge eit potensial for å utvikle driftskonseptet for Svanøy Hovedgård. Dei siste tre åra er det Bistro To Kokker som har stått for mat-, oppleving- og ovenattingsdelen på Hovedgården. Dei har meir enn dobla driftsinntektene samanlikna med då Svanøy Oppleving dreiv aktiviteten.

Artikkeltags