Kjempeløft for politiet – 460 nye sivile stillingar

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Alle politidistrikta i landet får fleire stillingar.

DEL

Regjeringa tar eit krafttak for å auke bemanninga i politi- og lensmannsetaten. Med ei tilleggsbevilgning på 242 millionar kroner føreslår regjeringa 460 nye sivile årsverk.

Saman med auken på 250 årsverk i budsjettet for 2009, gir dette mulighet til å opprette 710 årsverk i år.

– Vi sørger no for ein av dei største satsingane på politiet nokon sinne. Saman med DNA-reformen, utbygging av nytt avlyttingssikkert naudnett og rekordopptak på Politihøgskulen gir 710 nye årsverk i politi- og lensmannsetaten styrka politikraft over heile landet, seier justisminister Knut Storberget.

Alle politidistriktene, Kripos, Økokrim, Politiets utlendingsenhet og Namsfogden i Oslo vil bli styrka slik at dei kan opprette fleire årsverk. Det foreslås en tilleggsbevilgning på 242 millioner.

Oslo politidistrikt får 100 av dei 460 nye stillingane.

Politibudsjettet i 2009 er med dette auka med over 1 milliard kroner.

Artikkeltags