I alt 124 forskjellige øl frå til saman 20 norske bryggeri deltek i kåringa og Kinn Bryggeri er godt representert. I fire kategoriar kan Kinn skilte med 10 forskjellige øltypar.

– Kveiteøl: Jublieum og Slåtteøl.

– Ale: Gamleguten, Pilegrim og Sjelefred.

– Stout: Ivar Aasen-øl, Prestesonen og Svart Hav.

– Indian Pale Ale: Vestkyst og Skambankt Voodoo.

Har mest tru på Vestkyst

Når nettavstemminga avsluttast går dei tre beste frå kvar av dei seks kategoriane vidare til ein fagjury med øldommarar kvalifisert av Norbrygg.

Espen Lothe ved Kinn Bryggeri gler seg til avstemminga.

– Det blir spennande å sjå kva resultatet blir. Eg trur kanskje det ølet vi har som har best moglegheit til å gjere det bra er Vestkyst. Sidan det er ein IPA trur eg det er den som kjem til å hevde seg mest av våre, fortel han.

Han trur mindre bryggeri i startfasen kan lide av at Årets Øl 2013 i første omgang er ei publikumsavstemming.

– Eg trur gjerne det ikkje blir dei beste øla som går vidare, men dei meir kjende øla som kjem til å sanke flest stemmer. Det er ikkje gunstig for dei nyetablerte og mindre bryggeria, seier Lothe.

Voodoo på polet

Ølbryggaren fortel at Kinn Bryggeri arbeidar med å få ytterlegare distribusjon på daglegvarebutikkar, så vi kan mest truleg forvente oss enda meir Kinn øl i butikkane.

– Ivar Aasen kjem ut den 6. mars. Vi tel litt på knappane og prøver også å få Skambankt-ølet inn på vinmonopolet, seier Lothe.

Om ikkje Voodoo-ølet kjem i hyllene på Vinmonopolet vil i det minste Florø-folk få ein gyllen moglegheit til å smake det den 22. februar når Skambankt spelar på Haavebua.

Årets Øl 2013 vert kåra på eit arrangement i april.