Kommunalsjefkabalen tek form, tre av fem kommunalsjefar på plass

BESTEMT SEG: Terje Heggheim legg i desse dagar kommunalsjefkabalen for Kinn kommune. Tre av dei fem kommunalsjefane er no på plass.

BESTEMT SEG: Terje Heggheim legg i desse dagar kommunalsjefkabalen for Kinn kommune. Tre av dei fem kommunalsjefane er no på plass.

DEL

På heimesida til Kinn kommune meldast det at prosjektrådmann Terje Heggheim har bestemt seg for kven som skal få jobben som kommunalsjef for oppvekst og undervisning, helse og velferd, og for økonomi.

Det har vore gjennomført intervju, både ekstern konsulent og tilsettingsutvalet har sagt sitt, og tilbodet om å få vere med som kommunalsjef i Kinn kommune går til desse tre.

  • Kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Ellen Jåvold
  • Kommunalsjef for helse og velferd, Norunn Stavø
  • Kommunalsjef for økonomi, Linda Nipen

Alle tre har stort ansvar i enten Flora eller Vågsøy kommune i dag. Ellen Jåvold er kommunalsjef for oppvekst og kultur i Vågsøy kommune. Norunn Stavø styrar helse, omsorg, barn- og unge og NAV i Flora kommune, medan Linda Nipen er kommunalsjef for økonomi, også ho i Flora kommune. Rådmannen skal no bli samde med dei som har fått tilbod, og finne ei løysing med dei andre rådmennene om tid for tiltreding.

Det skal også tilsettast kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø, samt kommunalsjef for innovasjon og utvikling, i tillegg til ein assisterande rådmann. Her har søknadsfristen framleis ikkje gått ut.

Artikkeltags