Kinn-rådmannen legg seg flat etter kritikk frå tillitsvalde

RÅDMANNE: Terje Heggheim og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

RÅDMANNE: Terje Heggheim og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KINN: Dårleg informasjonsflyt og uoversiktlege gruppesamansettingar er nokre av utfordringane det blei peika på.

DEL

I ein e-post til rådmannen i Kinn kommune datostempla 22. mars, Terje Heggheim, tek Heidi Rønhovde i Fellesforbundet opp det ho skildrar som problematisk informasjonsflyt blant arbeidsgruppene i Kinn kommune, mellom anna den ho er med i.

– Etter samtale med tillitsvalde i arbeidsgruppene verkar det som at ansvar for innkalling til strategisamlingar var noko uklar. Verken eg, Ingunn eller Anne Mabel Nybakk var på lista over deltakarar. Eg og Anne Mabel hadde munnleg avklart dette på førehand, Inngunn Frøyen fekk vite det fredag tilfeldig etter samtale med tillitsvald Wenche Kvalvik i Flora. Inngunn tok då kontakt med Roald Leivestad og fekk tilsendt innkalling. Slik kan det ikkje vere, skriv Rønhovde i e-posten.

Og ho presiserer at ho også har blitt kjend med at det har vore ei samling for gruppa som har med eigedom, plan, teknisk og kultur å gjere veka i forvegen. Ho sit som tillitsvald i arbeidsgruppa for plan, og hadde ikkje fått informasjon om denne samlinga.

Rønhovde legg også til at det har komme ein del reaksjonar frå Vågsøy på at det i nokre samanhengar dukkar opp nye personar i grupper, og at det blir veldig skeiv fordeling ut frå dei to kommunane.

Til Firdaposten seier rådmann Terje Heggheim at dei har teke til seg kritikken frå Rønhovde.

– Dette greip vi fatt i med ein gong vi fekk e-posten, og no har vi retta opp i det. Det er veldig uheldig at dei får innkalling på anna vis enn direkte innkalling. Vi har difor endra rutinane, seier Heggheim.

Artikkeltags