– Dei som har nok vilje til å gå inn i samanslåinga, er dei som lykkast best.

Fellesnemnda i Kinn kommune blir orientert av konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Fellesnemnda i Kinn kommune blir orientert av konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Måndag og tysdag var fellesnemnda i Kinn kommune på studietur til Bergen.

DEL

Føremålet med studieturen til Vestlandets hovudstad er tosidig; på den eine sidan ønsker ein å knyte kontaktar i det som skal bli den nye vestlandsregionen. Samstundes nyttar ein høve til å lære av dei.

Input

– Vi har fått input frå selskap og organisasjonar som har gjennomført store samanslåingsprosessar, som til dømes Sparebanken Vest. Dei har gjennomført store endringar i organisasjonen, og vi har fått ein innsikt i korleis dei tenker og jobbar, seier ordførar Ola Teigen, som er med delegasjonen som menig medlem. 

Ein annan liknande aktør delegasjonen har besøkt er kunnskaps- og medieparken Media City. Denne har samla medieteknologiaktørar, medieselskap som NRK, TV2, BA og BT, og utdannings- og forskingsaktørar under eitt og same tak i Lars Hilles gate.

Delegasjonen med Kristin Maurstad i spissen har også møtt byrådsleiaren i Bergen, NHO og ikkje minst fylkesordførar Anne Gine Hestetun, for ei orientering om korleis dei har arbeidd med regionreforma.

Output

Men har delegasjonen fått noko ut av studieturen?

– Det er mange ting vi haustar av dette, til dømes lærdom om korleis vi skal kunne handtere dei moglege konfliktane som kan oppstå under ein samanslåingsprosess. Vi har også fått presentert nye måtar å jobbe på, som digitaliseringa dei har gjennomført i Media City, seier Teigen og presiserer ytterlegare:

– Veldig mange av dei vi har møtt har gjennomgått eller gjennomgår store omorganiseringar, og dei er tydeleg på kva dei har lykkast med og kva dei har mislykkast med, seier Teigen.

Det beste rådet, ifølge Teigen, fekk dei frå konserndirektør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest:

– Til sjuande og sist handlar det om nok vilje til å gå inn i desse prosessane, det er då dei lykkast best, strekar Teigen under.

Fellesnemnda i Kinn kommune på studietur til Bergen. Her får dei ei orientering frå fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fellesnemnda i Kinn kommune på studietur til Bergen. Her får dei ei orientering frå fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Foto:

Artikkeltags