Spent stemning i Måløy før folkerøystinga

Foto/redigering: David E. Antonsen

Artikkelen er over 1 år gammel

MÅLØY: Valresultatet er ikkje gitt.

DEL

Det var ein spent ordførar Kristin Maurstad som tok imot Firdaposten på kommunehuset i Måløy sentrum måndag ettermiddag. Ho og resten av valstyret var i full gang med å sortere stemmene som er komen inn etter førehandsrøystinga.

– Eg torer ikkje spekulere i verkene resultatet eller valdeltakinga. Men ein ting som er sikkert er at pågangen av folk til stemmelokala har vore god. Kring 50 er kvar dag innom for å stemme, og på fredag, siste dag for førehandsrøysting, var 230 innom og gav si stemme, seier Maurstad.

I dag seier Vågsøy ja eller nei til Flora 

Ute på gata er det også spent stemning. Mange av dei Firdaposten snakkar med er negativ til samanslåinga, men det er også mange som er positive.

Fleire vi snakkar med torer ikkje seie kva dei stemte, for det er ganske så harde frontar mellom ja og neisida i byen. Og dei som jobbar i butikkar og restaurantar i byen flaggar heller ikkje standpunkt, av frykt for å misse kundar.

Uansett resultat, Firdaposten sender direktevideo frå kommunehuset frå klokka 20.00 måndag kveld. Valdalsmålinga er venta komme like etter. Resultatet vil bli kunngjort ein gong etter 22.00. Du må vere abonnent for å sjå direktesendinga.

Artikkeltags