Gå til sidens hovedinnhold

KrF er klare for Kinn

Artikkelen er over 2 år gammel

På nøytral grunn i Kalvåg vart det nye partilaget skipa. Kinn KrF er eit faktum.

Fredag i førre veke heldt Flora KrF og Vågsøy KrF eit felles medlemsmøte i Kalvåg der det nye partilaget Kinn KrF vart skipa. I pressemeldinga frå partiet gjer Gustav Johan Nydal eit poeng av at dette føregjekk på nøytral grunn, og strekar under at partilaget gjerne hadde sett at Bremanger også var med i den nye storkommunen.

Den første leiaren i Kinn KrF heiter John Bjarne Geithus og kjem frå Florø. Med seg i styret får han John Inge Refvik frå Vågsøy som nestleiar. Gustav Johan Nydal, Dag Almenning, Knut Byrkjeland og Kari Heggen sit også i styret for det nye partilaget som vil ha om lag 80 medlemmar.

Leiaren i Sogn og Fjordane KrF, Beate Bondevik Lie, var til stades på møtet og ser optimistisk på samanslåinga og arbeidet i det nye partilaget.

Første arbeidsoppgåve for det nye partilaget er å få på plass ei valliste med gode kandidatar til neste års kommuneval. Der startar nominasjonskomiteen arbeidet no, med eit mål om at lista skal vere klar innan januar 2019. Det meiner John Bjarne Geithus at dei skal få til.

Kommentarer til denne saken