Skal halde seks folkemøte om Kinn kommune

Ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad skal delta på ein serie med folkemøte som skal gje innspel til Fellesnemnda i arbeidet med ein samfunnsplan for den nye storkommunen.

Ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad skal delta på ein serie med folkemøte som skal gje innspel til Fellesnemnda i arbeidet med ein samfunnsplan for den nye storkommunen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Deknepollen, Raudeberg og Måløy først ut, avsluttar i Florø.

DEL

Fellesnemnda for Kinn kommune vil gjerne høyre folket si meining om Kinn.

Dei har difor vedteke at det skal gjennomførast ein prosess for få på plass ein samfunnsplan for Kinn kommune. Første del av dette arbeidet vil vere å gjennomføre folkemøte i grendene i Kinn. Aller først ute er Deknepollen den 16. april. Arbeidet med samfunnsplanen har ordførarane fått ansvar for, og begge er til stades på folkemøta, skriv fellenemnda i ei pressemelding.

Samfunnsplanen er Kinn kommune sin overordna plan for kommunen. I dette arbeidet ønskjer vi brei folkeleg involvering, og som ein start på arbeidet vil vi invitere grendene/byane til aktiv deltaking. Vi ønskjer innspel om kva folk meiner er viktig i sitt lokalmiljø og korleis vi skal gjere heile kommunen til ein god stad å leve og bu.

  • Møta vil ha ein informasjonsdel om status for samanslåinga, presentert av prosjektrådmannen.
  • Deretter vil nemnda presentere korleis dei arbeider med samfunnsutvikling og inviterer så folk til gruppediskusjonar og plenumsdiskusjonar om lokal utvikling. Denne delen blir leia av Kristin Maurstad og Ola Teigen, ordførarar i Vågsøy og Flora.

Møterekka er planlagt slik:

Deknepollen     16.04.

Raudeberg       19.04.

Måløy               22.05.

Øyane i Flora    02.05.

To avsluttande møte skal haldast i Eikefjord og i Florø, men her er datoane ikkje fastlagt enno.

Artikkeltags