No er det klart: Fylket går inn for pendlarrute frå Florø til Vågsøy

ILLUSTRASJON: Leirgulen kai. Hornelen i bakgrunnen.

ILLUSTRASJON: Leirgulen kai. Hornelen i bakgrunnen. Foto:

KINN: Fylkestinget har vedteke å lyse ut ei pendlarrute for Kinn kommune.

DEL

Politikarane i fylkestinget vedtok tysdag å lyse ut ei pendlarrute frå Florø via Smørhamn til Vågsøy. Ruta blir lyst ut med opsjonar på utvida frekvens.

– Dette er ein gledens dag. Ei svært viktig rute for kysten og Kinn kommune kan no realiserast. Dette vil gje gode høve for kompetanseutveksling og felles arbeidsmarknad mellom Florø og Måløy, seier fylkestingsrepresentant Frank Willy Djuvik (Frp).

Også leiar i fellesnemnda for Kinn kommune, Jan Henrik Nygård (V) er svært glad for vedtaket.

– Dette er veldig gledeleg, og eit godt signal frå fylket om at dette er noko dei støttar. Dette er eit tiltak næringslivet i dei tre kommunane står samla om, og alle har tru på, så all ros til alle som har vore med å jobbe dette fram. Så er det opp til oss å vise at det er behov for denne ruta. håper på rask oppstart.

Fylkestinget godtok samstundes søknaden frå fellesnemnda om medfinansiering av båtruta på 4,85 millionar. Dette sikrar at ruta kjem i drift allereie frå august av.

– Dei 4,8 millionane gjer at vi slepp uvissa fram til den neste anbodsrunden som er frå 1. mai 2022, då slepp vi tenke på det. No kan vi endeleg gå i gang, seier Nygård.

Det er allereie ei pendlarrute som går frå Måløy til Florø i dag, som mange av dei som jobbar på Westcon nyttar seg av. Men noko nordgåande rute har det ikkje vore. Den nordgåande ruta som skal i drift frå hausten av vil bli opna innforbi eksisterande avtalar med Fjord1, og vil difor ikkje bli lyst ut før ved neste anbodsrunde.

Artikkeltags