Rune Osa (64) er tilsett som kemner i Kinn kommune

NY JOBB: Rune Osa har vore kemner i Flora kommune i ein årrekke. No skal han ha same jobben i Kinn kommune.

NY JOBB: Rune Osa har vore kemner i Flora kommune i ein årrekke. No skal han ha same jobben i Kinn kommune. Foto:

KINN: I tillegg har Norvall Bakke frå Kalvåg fått jobben som rekneskapssjef i den nye kommunen.

DEL

Det er i prosjektrådmannens fredagsbrev at Terje Heggheim melder om dei to nyaste tilsettingane i Kinn kommune. Rune Osa er eit kjent namn for florøværingane. Han er 64 år, og har vore tilsett i Flora kommune sidan 1974. Han har lang og brei erfaring frå økonomiforvalting, og har dei siste åra vore ansvarleg også for eigedomsskatten i kommunen. Det er eit ansvar han vil ha med seg inn i Kinn kommune.

Norvall Bakke frå Kalvåg i Bremanger har fått jobben som rekneskapssjef i Kinn kommune. Bakke er også ein erfaren mann, med 17 år bak seg som økonomisjef i Vågsøy kommune. Bakke har også god brukarerfaring frå IKT-området, og er forventa å vere til stor hjelp i digitaliseringsprosessane i Kinn kommune.

Heggheim skriv også at dei er på etterskot med tilsettingane i den nye kommunen. Det er ikkje nokon krise for sjølve prosjektet, men for dei som skal tilsettast og innplasserast kan det vere lite tilfredsstillande. Heggheim vil difor styrke personalfaget med inntil ei 100 % stilling for å auke både den personalfaglege delen og ikkje minst kapasiteten på feltet. Det er personalavdelinga i Flora kommune som vil kome inn med ressursar i prosjektet. Noko av det første dei vil gripe fatt i er formalisering av dei innplasseringane og tilsettingane som allereie er gjort. Dei vil sende ut formelle tilbodsbrev der vilkåra for tiltreding er fastlagde, og samstundes vil dei ta stilling til dei rettskrava som ligg føre.

Målet er at dette skal vere på plass innan 15. juni og før folk begynner å gå ut i ferie.

Artikkeltags