Gå til sidens hovedinnhold

Vågsøy Arbeidarparti kjem ikkje til å gå for reversering av Kinn

Artikkelen er over 2 år gammel

Det melder partiet i ei pressemelding tysdag kveld.

I pressemeldinga skriv gruppeleiar Leif Magne Giil i Vågsøy Arbeidarparti at «Våren 2017 gjorde Vågsøy Arbeidarparti grundige vurderingar av spørsmålet om å seie ja eller nei til samanslåing av Vågsøy og Flora til Kinn kommune. Vi la vekt på moment som økonomi, kommunale tenester, fagmiljø, rekruttering, innbyggjarhøyringa og satsinga på kysten. Vi konkluderte med å seie ja til Kinn kommune. Fleirtalet i kommunestyret vedtok det same. I juni same år vedtok Stortinget å slå saman Vågsøy og Flora til Kinn kommune. Når spørsmålet om folkerøysting kom opp i februar 2018, stemte Arbeidarpartiet imot, med grunngjevinga at vedtak er fatta i Stortinget. Arbeidet med å etablere Kinn kommune er godt i gang. Både fellesnemnda, prosjektorganisasjonen og dei tilsette i begge kommunane jobbar svært godt. I tillegg har Vågsøy Arbeidarparti programfesta at vi skal jobbe for ein sterk kystkommune, og vi står derfor ved vårt standpunkt».

Kommentarer til denne saken