Gå til sidens hovedinnhold

Vågsøyværing toppar Høgre-lista til historisk Kinn-val

Artikkelen er over 2 år gammel

Det blir Morten Andreas Hagen frå Vågsøy som skal slåst om det aller første ordførarvervet i Kinn kommune i 2019.

Nominasjonskomitéen i Kinn Høgre har sett Morten Andreas Hagen frå Vågsøy øvst på lista til kommunevalet hausten 2019.

Hagen har erfaring som ordførar i Vågsøy i perioden 2011 til 2015, og han var også i ein tidleg fase medlem av Fellesnemnda for Kinn kommune, der han seinare blei erstatta av partifellen Rolf Domstein.

På dei andre tre topplassane finn vi Vidar Grønnevik (Flora), Arlene Vågene (Flora) og Anett Berg (Vågsøy).

Innstillinga frå nominasjonskomitéen for dei fire topplassane blir lagt fram på Høgre sitt nominasjonsmøte den 3. september på Knutholmen i Kalvåg.

- Dei andre kandidatane til lista vår skal veljast på eit nytt nominasjonsmøte 15. oktober på same stad, fortel leiar i nominasjonskomitéen, Edith Aarebrot Madsen.

Innstillinga av Hagen var samrøystes frå komitéen.

Kommentarer til denne saken