Kinn går utanlands

SEKS LAND: Snart kan ein få kjøpt Kinn-øl i Spania, Brasil, Italia, Finland og Sverige. I tillegg er ein bar i Berlin begynt å importere Kinn-øl, fortel ein nøgd øl-gründer, Espen Lothe. Foto: david e. antonsen

SEKS LAND: Snart kan ein få kjøpt Kinn-øl i Spania, Brasil, Italia, Finland og Sverige. I tillegg er ein bar i Berlin begynt å importere Kinn-øl, fortel ein nøgd øl-gründer, Espen Lothe. Foto: david e. antonsen Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det heiter seg at ikkje noko tre kan vekse inn i himmelen. Det kan sjå ut til at Kinn Bryggeri prøver å motbevise det gamle ordtaket med si siste satsing.

DEL

– Vi har så vidt starta opp eksport til ein bar i Berlin, fortel ein travel gründer, Espen Lothe på telefonen.

Seks land

Det vesle handtverksbryggeriet som snart kan feire sin femårsdag, ende på ein omsetnad på 8,7 millionar kroner i fjor. Produksjonskapasiteten gjekk frå beskjedne 800 liter per brygg til 3500 liter då bryggeriet flytta inn i dei nye lokala i Botnastranda.

Og det kan komme vel med. Forutan baren i Berlin, står heile fem land på salslista til Florø-bryggeriet.

– Vi har konkrete avtalar med både Spania og Brasil, og vi kjem nok også til å starte opp i Italia relativt fort. Torsdag denne veka reiser eg til Stockholm Beer and Whisky Festival der det blir Sverige-premiere for Kinn-øl, pluss at vi har konkret avtale med ein importør i Finland, fortel Lothe.

Han fortel at det mest er tilfelle som har ført til utanlandssatsinga:

– Finland blir ein interessant marknad. Dei er der Norge var for tre-fire år sidan, og vi trur utviklinga blir om lag som her. Så det er bra å få ein fot inn der allereie no, forklarar han.

Han trur eksporten kan komme opp i mellom 100.000 og 200.000 liter frå neste år.

– Men det blir berre eit estimat, presiserer han.

0,33 liter

Satsinga har allereie medført ei nytilsetting. Denne gong har bryggeriet knytt til seg ein franskmann med utdanning frå osteproduksjon (!).

– Han har også erfaring frå handverksbrygging. Begge deler er næringsmiddelproduksjon, med felles trekk i høve det å forstå prosessen, hygiene, internkontroll og slike ting, seier Lothe.

Med denne nytilsettinga, vil det seie at bryggeriet har vakse til ti personar.

I tillegg vil snart dei sterkaste øltypane til Kinn komme i 0,33 litersflasker. I sommar vart det installert ny tappelinje på bryggeriet, og den kan tilpassast tapping på alle typar flasker.

– Dette har vi hatt ein plan på lenge, difor er denne tappelinja laga til slik at ein kan skifte ut delar og dermed bruke den til alle typar flasker. I oktober får vi dei delane vi treng for å kunne tappe på 0,33 litersflasker, stadfestar Lothe.

Artikkeltags