Marknadssjef og partnar i Kinn Bryggeri, Ann Magritt Banne, gler seg over å kunne by inn folk frå både fjern og nær til fest på bryggeriet.

– Den første juni skal vi saman lage til ein steikande bra sommarfest for Florø-folk, og forhåpentlegvis tilreisande. Vi riggar til scene i portopninga vår, og har god plass utanfor. Vi har lagt ut 800 billettar for sal, og håpar å fylle opp heile gardsplassen.

Turnéøl

Hovudattraksjonen på Kinnfest er Skambankt frå Jæren og Rogaland. Dei har levert hardtslåande rockn' roll i Florø tidlegare, og har utvikla eit kjærleiksforhold til både folket, byen og bryggeriet, som har brygga turnéøl til bandet tidlegare. Det har dei også gjort i år, og det vil bli høve til å smake på begge sortane under Kinnfesten. Skambankt er ute med ny plate i vår, og skal spele på Trondheim Rocks 2. juni, men dei hadde lyst til å stoppe i Florø på vegen for å gjere ein litt annleis konsert her.

Lokale heltar

Skambankt blir ikkje åleine om å dra opp stemninga. The Wheel, med florøværingen Ørjan Kvalvik på gitar er snart tilbake med ny plate, sju år etter debuten. Dei byr på 70-talsrock med inspirasjonar frå Eddie Van Halen, David Coverdale og Robert Plant. Dei spelar på Kinnfest. Det same gjer Florø-bandet Promotor, som lover rocka coverlåtar frå 1980-90-talet og framover. Thin Lizzy, Alice in Chains, Soundgarden og Mötley Crüe er eksempel på kva vi får høyre.

Tropical Death

Skambankt har i tillegg med seg sitt eiga oppvarmingsband, Viceriene. Dei er også frå Jæren, og byr på ein catchy kryssing mellom sexy dansegolvpop og fuzza rock i ein sjanger dei har kalla for Tropical Death. Sist men ikkje minst skal DJ Gymbag, eller Bjørn Inge Larsen sørge for at det blir dansa inn i natta med ein miks av soul, funk, hip hop, rare grooves og electro. Kinn Bryggeri og Hjørnevikbua vil stå for serveringa, og det blir både forspel og etterspel på Vesle Kinn.