Vesle Kinn - ein annleis uteplass

Espen Lothe testar ut kranene i det nye lokalet.

Espen Lothe testar ut kranene i det nye lokalet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Torsdag var det ei lukka opning på Vesle Kinn i Strandgata. Her vart samarbeidspartnarar, leverandørar og vener invitert til eit lystig lag på byens fyrste «ølkafé». Ein som var travelt opptatt på opninga var bryggemeister Espen Lothe.

– Denne dagen ville vi ha for å få testa ut konseptet før opninga i morgon. Då reknar vi med at det vert godt besøkt, så det er greitt å få ei gjennomkøyring først, seier Lothe før han held fram

– Vi vil vere kvalitetsfokuserte, slik som vi er i alt. Både kva gjeld mat og når det kjem til ølet som vi serverer, fortel Lothe før han tappar øl frå den kobberfarga tappekrana.

For det er eit litt annleis design på Vesle Kinn enn kva man ser på andre uteplassar og kaféar. Men praten om designen vil ikkje Lothe ta, den sender han vidare til Gitte Villand og kona Ann-Magritt Banne.

Ann-Margritt Banne

Ann-Margritt Banne Foto:

– Vi tok utgangspunkt i kva som var her frå før, seier Banne medan ho peikar på teglsteinsveggen i bakgrunnen.

– Vi har henta inspirasjon frå design i København, og så skulle lokalet stå i stil med lille Marked og bryggeriet sin profil, skyt Gitte Villand inn.

Ølkaféen er svært gjennomført, men det var ikkje slik at det var ein klar plan på designen før dei starta å pusse opp.

– Vi hadde eit utgangspunkt, og så har vi tatt det litt etter kvart, seier dei samrøystes.

Stenger i det florøfolket vanlegvis går ut

Tidlegare har det vore arrangert Bryggeripub i bryggeriet i Bjørndalsvegen med stor suksess, no vert den i staden i byen.

– Bryggeripuben var ein stor suksess. Det viser at det er marknad for dette i byen. Vi har opent frå fire til midnatt på fredag og laurdag, der vi håper å trekke til seg oss eit ungt vakse publikum, som kanskje ikkje er ute til vanleg. Men også unge legg Banne til før Gitte Villand held fram:

– Vi stenger då florøfolket vanlegvis går ut, seier Villand og ler.

Artikkeltags